Har du nokon gong vore så trist at du trudde ingen ting i heile verda kunne trøyste deg?
Eller har pappaen din nokon gong vore så sjuk at du trengde ein stor, stor klem?
Og kan du førestille deg at det finst nokon som aldri har fått ein klem i heile sitt liv?
Trøysteboka er den tredje boka i serien med nyskrivne, nynorske forteljingar. Etter dei to prislønna bøkene Godnattboka og Eventyrboka skriv forfattarane i denne boka om det å trengje trøyst og om å gi trøyst til andre. Nokre av forfattarane skriv om kvardagssituasjonar som dei fleste barna vil kjenne seg att i, andre tek oss med i ei verd fylt av trøystande fantasi.
Ei fantasifull og fargerik bok for heile familien som fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.