Ei natt blir guten vekt opp frå draumen sin. Bestefaren har forsvinne ut i det regntunge mørkret, og saman med foreldra må guten ut for å leite. Dei finn bestefar ved busstoppet, og får han med seg inn att. Der vert guten og bestefaren sitjande og prate og drikke kakao. Bestefar søler og seier mykje rart, men i denne natta kjem historia hans fram, sterk og klår. Dette er ein poetisk og sterk historie om ein guts forhold til sin senile bestefar, med bestefarens fryktlege historie frå andre verdskrig som bakteppe. Nynorsk tekst. Billedbok for småskole-/mellomtrinnet.
Det er ei mørk og stormfull natt.
Ute i regnet går ein søkkvåt mann og ropar.
Han har ikkje støvlar på seg, han har tøflar.
Han har ikkje regnkle på seg, berre stripete nattdrakt.
Eg ligg og drøymer då pappa kjem og ruskar i meg.
"Hei, du må stå opp!" seier pappa. "Vi må ut og leite etter bestefar."