Forlaget skriver om denne boka:
Midt i mattetimen skjer det noko! Ein katt har klatra opp i treet og sit no fast rett utanfor vindauget til Marie og klassen hennar. Korleis skal dei få katten ned når vaktmeister Gunnars stige er for kort, og Falk, som er sterkaste guten i klassen, har høgdeskrekk, og får dessutan ikkje lov av læraren til å klatre opp?
Då legg Marie, den nest sterkaste i klassen, ein redningsplan heilt åleine!
Marie i kattepine er ein fengjande, spennande og tilgjengeleg lettlesbok for dei ferskaste sjølv-lesarane.
Illustrert av Ellen Bergheim.