Eg vil ut av denne boka! Guten som er hovudperson synest at boka han er med i er kjedeleg. Han vil ut! Han vil over i ei spennande bok. Ei med fargar i. Han klarar til slutt å ryme frå denne kjedelege boka, men då føler han seg så utanfor. Han vil inn igjen! Og no oppdagar han at han kan byggje med alt det kvite. Og så kan han fargeleggje. No er det moro å vere med i boka.
PinterestTwitter