Mor og far drar på ferie til London, og bestemor skal passe Elise. Bestemor er sprøare enn Elise hadde trudd, og innimellom dei merkelege påfunna til bestemor grublar Elise over spørsmål som korleis ho skal oppføre seg viss ho ikkje skal vere for snill, og heller ikkje for vill, og korleis ho kan vite om ho er forelska i Thomas eller ikkje.
Mor og far drar på ferie til London - utan Elise!
Bestemor blir sett til å passe henne ei heil veke, og det viser seg at bestemor er sprøare enn Elise hadde trudd. Innimellom dei merkelege påfunna til bestemor grublar Elise over spørsmål som: Korleis kan ho oppføre seg viss ho ikkje skal vere for snill og heller ikkje for vill?
Og: Korleis kan ho vite om ho er forelska i Thomas eller ikkje?
Heilt passeleg vill er ei bok om vennskap, forelsking, framande menn på motorsykkel og piknik i Vigelandsparken midt på natta.