Forlaget skriver om denne boka:
GLSM er ein fleirfagleg disiplin der samanhengen mellom metodar og tenkemåtar i lese-, skrive- og matematikkopplæringa er tydeleg vektlagt.
Denne artikkelsamlinga innbyr til utprøvande samtalar og faglege møtepunkt i den grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæringa. Den raude tråden er skriftspråkopplæring. Tema som blir tatt opp er fleksibel skolestart, bruk av læreboktekstar, kartleggingsprøvene i leseferdigheit i 2. klasse, leik og læring, begynnartekstar som samansette tekstar, begrepslæring og talforståing, digitale læringsressursar og begynnaropplæring i matematikk og norsk for elevar som ikkje har norsk som morsmål. Bruk av konkrete didaktiske situasjonar og elevtekstar gjer det praksisnære perspektivet i boka tydeleg.
Redaktør for boka er Synnøve Skjong, førstelektor i norsk ved Høgskolen i Oslo. Bidragsytarane i boka har lang erfaring frå undervisning i norsk, pedagogikk og matematikk ved lærarutdanning og i grunnskole.