Kat sat musestill og beit seg i leppa. Ri vidare, tenkte ho, så intenst ho kunne. Det er ingen her. Men ryttaren retta seg opp og såg beint inn i krattet, beint på Kat. <> Stemma var vislande og låg. Han hadde ikkje noko ansikt, berre ei maske. Ei hermelinmaske som skein bleikkvitt i morgongryet...
Då Kat begynner på sølvryttarskulen i Breda by, har ho hovudet fullt av draumar. Men ingenting er heilt som ho trudde det ville være. Ho har fiendar her. Det finst dei som meiner at <> som Kat ikkje har noko på skulen å gjere. Og så er det Hermelinen. Den livsfarlege Hermelinen, som Kat allereie veit altfor mykje om.