Til deg som skal ha lese- og skriveopplæring på 1. trinn! Er du i gang med planlegginga av neste skuleår? Lurer du på korleis du skal leggja opp den første grunnleggjande lese- og skriveopplæringa på 1. trinn?
I heftet er det 12 korte artiklar som alle gir konkrete tips til arbeid med lesing og skriving.
I heftet finn du tips om bl.a. dette:
Korleis du kan ta utgangspunkt i barnet sitt eige namn som ein snarveg inn i lesinga.
Korleis du kan nytta små lesebøker allereie på 1. trinn.
Korleis du kan bruka rolleleiken som skriveverkstad
Korleis du kan skapa ein kultur for lesing både hjå elevane og hjå foreldra.
Korleis og kvifor du bør nytta datamaskina.
Korleis du på best mogleg måte kan leggja forholda til rette for dei minoritetsspråklege elevane.
Korleis du kan observera og følgja den språklege utviklinga til elevane.