Alt på første sida i boka bestemmer hovudpersonen seg for at det er jamt slutt, over og forbi. Han er reie til å kutte tvert, takka for seg og gå bort. Det er det einaste sømelige og det einaste vakre, tenkjer han. No ser han fram til å vere slutt og over. Vere høgt elska og djupt sakna. Vere sol, støv, vatn og himmel. Vi følgjer han gjennom dette rare døgnet, som må bli hans aller siste.
Eg skal laga eit dikt. Eg har ikkje laga det enno.
Det gjer eg først når eg sit oppe på gamle Vangen. Ytst på stupebrettet.
Med den skytaren trygt ved sida.
Diktet skal slutta ope.
Så riv eg den sida ut, og legg pent ein liten kvit stein over.
Det blir ikkje stunder til å henga med hovudet.
Blir bare eit stutt, lite smell.
Blir bare eit plask når eg landar.