Forlaget skriver om denne boka:
Det var som om heile havet landa på frontruta. Vindaugsviskarane kvein mot glaset. Dei gjekk raskt, veiva som tynne armar. Mamma stira ut vindauget, den stipla lina, det vesle stykket frontlyktene rådde over.
No var vi der. Her. Ytsteøya, ytst mot havet. Ei veke att, så byrja eg i niande. I det siste hadde mamma gjentatt "ny skule, nye moglegheiter" som eit mantra,som om flyttinga ville bli ei løysing.
Saman med foreldra flyttar Lea frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.
Ho møter naboguten jonas, og dei utviklar ein venskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om.