Forlaget skriver om denne boka:
Dette er ei større innføringsbok i grunnleggjande nynorskdidaktikk. Forfattarane drøftar ulike sider ved det å undervise i nynorsk, både når nynorsk er hovudmål og sidemål. Sentrale tema er lesing og skriving, bruk av den nynorske barne- og ungdomslitteraturen, nynorsk og IKT, nynorsk for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn.
Denne boka gir ei brei innføring i grunnleggjande nynorskdidaktikk.
Forfattarane presenterer nynorsk i skolen i historisk perspektiv og viser korleis opplæring i begge målformer blir legitimert i skolen i dag. Eit overordna perspektiv i boka er at nynorsk og bokmål er ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, og at opplæring i to målformer er ein ressurs i utvikling av språkkompetanse og norskspråkleg danning.
I boka blir opplæring i både nynorsk som hovudmål og nynorsk som sidemål drøfta. I mange samanhengar vil det ikkje vere forskjell på måten ein arbeider med nynorskopplæring på, men vilkåra for å lære begge skriftspråka er ulike for dei to elevgruppene.
Sjølv om fokus i boka er nynorskopplæring, må denne opplæringa sjåast i samanheng med opplæringa i bokmål, og dermed med norskopplæring generelt. Dette blir gjort både i kapitla som handlar om nynorskopplæring på barnetrinnet, og i kapitla som handlar om nynorskopplæring på ungdomstrinnet. Også opplæring i begge målformer for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn blir tematisert.
Bruk av IKT i nynorskopplæringa og arbeid med litteratur på nynorsk har fått eigne kapittel som kan vere utgangspunkt for arbeid med nynorsk både som hovudmål og sidemål.
Målgruppe for boka er lærarstudentar og lærarar som arbeider i grunnskolen.