Tolkiens store verk Hobbiten foreligg her i nynorsk språkdrakt. Da trollmannen Gandalv dukkar opp med tretten dvergar, blir ikkje dagane til hobbiten Bilbo Skrepping fullt så stillsame og rolege lenger. Dei vil ha han med seg på ei lang og farleg ferd for å røve skatten som vert vakta av den skrekkelege draken Smaug. Bilbo blir med på jakta, mot si vilje, og det skal vise seg at han både er rådsnøgg og har evner som innbrotstjuv. Eilev Groven Myhren fekk nynorsk litteraturpris for omsetjinga av Ringdrotten.
Forlaget skriv om denne boka: Hobbiten Bilbo Skrepping lever stillsamt og roleg i hola si. Men ein dag dukkar trollmannen Gandalv opp, i lag med tretten dvergar. Dei vil ha han med seg på ei lang - og farleg - ferd, for å røve skatten som vert vakta av den skrekkelege draken Smaug. Nærast mot si vilje vert Bilbo med på jakta, og til sist syner han seg å vera både rådsnøgg og ha evner som innbrotstjuv.