Forlaget skriver om denne boka:
Ei ung kvinne blir sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funnen drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga.
Sakte men sikkert nærmar dei seg sanninga om drapsofferet og miljøet rundt henne. Tuva Velid gjer sine eigne undersøkingar. Gjennom Facebook finn ho fram til fleire av vennene til Line, og det fører henne også til ei nettside for folk som dyrkar natta og mørkret.