Fra forlagets omtale: Barn ler 300–400 gonger for dagen. Vaksne berre 10–15 gonger. Mange dyr ler også! Kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne? Kan latter gi oss venner? Blir vi snille av å le? Eller friske? Og er det mogleg å le seg i hel? Dette er nokre av dei mange spørsmåla du finn svar på i boka He-he.
I denne boka får ein svar på mange spørsmål om den livsviktige latteren. Det handlar om kor skummel latteren kan vere, men mest av alt kor godt og viktig det er å kunne le. Barn ler 300-400 gonger for dagen. Vaksne berre 10-15 gonger. Mange dyr ler også. Her får ein til dømes vite kvifor barn ler så mykje meir enn vaksne, om latter kan gi oss venner, om ein blir snill av å le, eller friske, og om det er mogleg å le seg i hel.